Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): – Eg har den same forventninga til Noreg som til alle Nato-land, seier alliansesjef Jens Stoltenberg før regjeringa legg fram langtidsplanen sin for Forsvaret.
npk@npk.no
Publisert: 15.06.2016 kl 18:15
– Det er at dei følgjer opp det dei alle vedtok, om å gradvis auke forsvarsutgiftene mot to prosent av bruttonasjonalproduktet, seier Stoltenberg om kva han forventar seg av den norske forsvarsplanen.
Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H) lover ein «betydeleg og substansiell» auke i forsvarsbudsjettet i langtidsplanen for Forsvaret. Og ho lover å satse på investeringar som vil styrkje Nato.
Ifølgje VG betyr det at Forsvaret får 172 nye milliardar dei neste tjue åra.
Men trass dei ekstra pengane innrømmer Eriksen Søreide at Noreg ikkje kjem til å innfri toprosentsmålet i Nato på kort sikt.
– Eg er glad for all auke, og jo nærare ein kjem to prosent, jo betre, seier Stoltenberg til NTB.
– Når spenninga i verda går ned, kan ein redusere forsvarsutgiftene, slik mange land gjorde etter den kalde krigen. Men når spenninga går opp, må ein òg vere villig til å auke forsvarsutgiftene. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.