Annonse

Stoltenberg: Nato kan takle ulike politiske leiarar

Nato generalsekretær Jens Stoltenberg meiner at fire år med Donald Trump som USAs president har vist at alliansen er sterk nok til å takle ulike leiarar.

– Det vi har lært dei siste fire åra, er kor viktig det er med sterke multilaterale institusjonar i usikre tider, sa Stoltenberg under pressekonferansen i Brussel på måndag.

Like før hadde han fått spørsmål frå ein amerikansk journalist om korleis han såg på utsiktene til at det om fire år kjem ein ny amerikansk president med ei meir konfronterande linje enn Joe Biden.

– Nato er ein allianse som går utover individuelle leiarar. Vi kan overvinne ulikt vêr og ulike stormar, sa Stoltenberg.

– Eg kan ikkje fortelje dykk kven som kjem til å bli dei neste politiske leiarane i Nato-landa, men eg kan seie at styrken til sterke institusjonar som Nato gjer at vi kan handtere ulike politiske leiarar som har ulike meiningar om mange saker, sa Stoltenberg.

(©NPK)

Pressekonferanse med Natos generalsekretær Jens Stoltenberg under toppmøtet i Brussel. Foto: Torstein Bøe / NTB