Annonse

Stor auke i netthandelen førre veke

Tal frå Nets viser ein kraftig auke i netthandel førre veke. Unntaket var på den såkalla «Black Friday», då shopping på nett sokk med 41 prosent.

Førre veke er kjend som «Black Week», og stadig fleire nettbutikkar nytta høvet til å lansere tilbod gjennom heile veka.

Allereie førre måndag viste tal frå betalingsleverandøren Nets 60 prosent fleire transaksjonar i nettbutikkane samanlikna med same tid i fjor. Tysdag var det 40 prosent auke, og onsdag 42 prosent.

Torsdagen bremsa salet opp med berre 19 prosent auke samanlikna med fjoråret. Etter ein nedgang på 41 prosent på sjølve Black Friday auka salet igjen med 38 prosent i nettbutikkane laurdag og søndag.

Sjølv om fredagen var einaste dag med salsnedgang så var den framleis den største handledagen.

(©NPK)

Netthandelen auka kraftig under «Black Week» førre veke. Kun på sjølve «Black Friday» gjekk netthandelen tilbake. Foto: Terje Bendiksby / NTB