Møre

Stor meiningsmåling i 13 land viser eit svekt syn på USA

Talet på dei som har eit positivt syn på USA, har gått ned til eit svært lågt nivå. Skepsisen til leiarskapet til Donald Trump er stor, viser ei stor måling.

Målinga er gjennomført i 13 velståande, demokratiske land av den amerikanske tankesmia Pew Research Center. I fleire av landa er synet på USA på det lågaste nivået sidan målingane byrja.

I berre eitt av landa, Sør-Korea, er det eit fleirtal, 59 prosent, som har eit hovudsakleg positivt syn på USA.

I Storbritannia, historisk sett ein svært nær alliert av USA, seier 41 prosent av dei spurde at dei har eit positivt syn på landet. Det er det lågaste nivået sidan undersøkingane om temaet byrja for to tiår sidan.

Dei tilsvarande delane i Frankrike og Tyskland er 31 og 26 prosent, omtrent på same nivå som under Irak-invasjonen i 2003.

Noreg er ikkje omfatta av Pews undersøking, men Sverige og Danmark er med.

Pandemien verkar inn

– Ein del av nedgangen i året som er gått, har samanheng med korleis USA har takla koronaviruspandemien, skriv Pew Research Center.

Berre 15 prosent av dei spurde i dei 13 landa meiner USA, som har registrert omkring 200.000 dødsfall som blir knytte til covid-19, har gjort ein god jobb med å takle pandemien.

Eit fleirtal av dei spurde har likevel eit positivt syn på innsatsen til Verdshelseorganisasjonen (WHO), og også innsatsen i eige land.

Totalt er 13.273 personar spurde i undersøkinga, som er gjennomført i perioden frå 10. juni til 3. august. USA er ikkje blant dei 13 landa undersøkinga omfattar.

Merkel best ut

Pew har òg spurt kva tiltru folk har til ulike verdsleiarar.

Den tyske statsministeren Angela Merkel kjem best ut, ein median på 76 prosent har tiltru til henne. Eit fleirtal har òg tiltru til president Emmanuel Macron i Frankrike.

Meiningane er ganske jamt delte om statsminister i Storbritannia, Boris Johnson, medan Russlands president Vladimir Putin og den kinesiske presidenten Xi Jinping får dårlege skotsmål – men ikkje så dårlege som Donald Trump, som er på botnen av lista til Pew. 16 prosent av dei spurde i undersøkinga seier dei har tiltru til den amerikanske presidenten.

Trump har høgast respekt i Japan, der 25 prosent seier dei har tiltru til han. Den lågaste oppslutninga er registrert i Belgia, der delen er 9 prosent.

Ideologiske forskjellar

Målinga viser òg ideologiske forskjellar. Dei som støttar høgrepopulistiske parti, er oftare positive til Trump enn dei som ikkje gjer det.

I Spania er til dømes 45 prosent av dei som støttar partiet Vox positive til Donald Trump. Blant veljarane til dei andre partia er det berre 7 prosent som er positive til presidenten.

Blant Sverigedemokratanes veljarar er det 33 prosent som er positive til Trump, medan det blant veljarane til resten av partia er 7 prosent som er positive òg her.

(©NPK)

Ei stor meiningsmåling i 13 land tek blant anna for seg tilliten til seks ulike verdsleiarar. USAs president Donald Trump er den færrast har tillit til, mens den tyske statsministeren Angela Merkel toppar lista. Biletet er teke under G20-møtet i 2017. Foto: Tore Meek / NTB

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukerkonto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...