Annonse

Stor skredfare i heile Nord-Noreg frå søndag

Frå søndag blir det varsla stor snøskredfare i Nordland, Troms og Finnmark.

Frå laurdag kveld blir det mykje mildare vêr i Troms og Finnmark, og søndag er det varsla stor snøskredfare. Hovudproblemet blir då først og fremst våte, store, naturleg utløyste flakskred i mange heng. Alt skredterreng vil vere utsett, melder NVE.

I Nordland har det vore mildvêr lenge, men det fortset med kraftig nedbør. Dei store nedbørsmengdene gjer snødekket svært vått og ustabilt, og dermed aukar skredfaren.

(©NPK)