Stor snøskredfare fleire stader i landet

Det er meldt om stor snøskredfare i Indre Sogn, Hallingdal, Vest-Telemark, Vest-Finnmark, Nord-Troms, Lyngen, Tromsø og Jotunheimen laurdag.

Varslingstenesta Varsom.no melder om snøskredfare med faregrad 3 i desse områda, og for søndag er lista endå lenger.

Faregrad 3, som er det nest høgaste nivået, betyr generelt ustabile forhold og risiko for utløysing av skred sjølv ved små tilleggsbelastningar i bratthenga.

– Under spesielle forhold kan det komme store og enkelte svært store naturleg utløyste skred, skriv Varsom.no.

Generelt er rådet å unngå terreng brattare enn 30 grader og halde avstand til utløpsområde.

(©NPK)