Stor tillit til politiet og domstolane

Folks tiltru til politiet og domstolane fell noko frå i fjor, men er framleis svært høg, ifølgje ei ny undersøking.

Til saman oppgir 86 prosent av dei spurde at dei har tillit til norske domstolar - 37 prosent har svært stor tiltru til domstolane og 49 prosent ganske stor tiltru. Det er den nest høgaste tiltrua som innbyggjarane har oppgitt sidan målingane starta i 1996, ifølgje den årlege undersøkinga til Domstoladministrasjonen.

I fjor var tilsvarande tal 38 og 52 prosent, til saman 90 prosent.

- Det er godt å sjå at tiltrua til domstolane er så høg - og at ho har vore stabilt høg i mange år. Tilgang og tiltru til sentrale offentlege institusjonar er grunnlaget for tilliten til demokratiet, og vi må gjere alt vi kan for å halde dette oppe, seier generalsekretær Merete Smith i Advokatforeningen.

Ipsos gjennomførte undersøkinga i november. Berre 1 prosent har inga tiltru til domstolane, mens 10 prosent svarar at dei har lita tiltru til dei.

- Eg meiner norske dommarar er særs godt kvalifiserte, ansvarsbevisste og hardtarbeidande. Samtidig er sjølv eit lite fall i tiltrua, som vi ser no, verdt å merke seg. Dette kan handle om rammevilkåra til domstolen - ikkje om den jobben domstolen utfører innanfor desse rammevilkåra, seier Smith.

Tilliten til politiet er samla sett på same nivå som til domstolane, men her er delen som har svært høg tiltru noko lågare, rett under 30 prosent, mens delen med ganske stor tiltru til politiet er tilsvarande mykje høgare.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Jarl Fr. Erichsen / NTB scanpix