Stor undersøking: Vy har meir fornøgde kundar enn SJ
Svenske SJ, som skal drifte mellom anna Dovrebanen og Nordlandsbanen, kom klart dårlegast ut i ei stor nordisk undersøking som målte kor nøgde kundane var.
I undersøkinga, som samanliknar kor nøgde dei nordiske landa er med persontransport, landar SJ på 55,9 poeng. Alt under 60 poeng blir rekna som misnøgde kundar, ifølgje dagleg leiar Johan Parmler i Svenskt Kvalitetsindex (SKI).
- Svenske togpassasjerar meiner SJ er upålitelege og lite punktlege. Det vil seie at kundane ikkje stolar på at ein kan ta seg frå A til B, og dessutan kome fram i rett tid, seier han til NRK.
Vy enda på si side på 63,8 poeng i undersøkinga, som vart publisert i mai.
I Noreg har SJ, som er heileigd av den svenske staten, etablert seg med dotterselskapet SJ Noreg
Sjefen for den internasjonale verksemda for SJ, Thomas Silbersky, seier norske passasjerar ikkje bør vere bekymra over undersøkinga.
- Det er absolutt ingen grunn til å vere uroleg. Som det store nasjonale togselskapet er det vanskeleg å vinne tilliten til offentlegheita. I Noreg er jo òg synet på Vy «sådär», seier Silbersky til NRK.
Opphavleg deltok òg Boreal Bane i anbodskonkurransen, men berre Vy og svenske SJ var igjen i sluttfasen i andre runde av konkurranseutsettinga av togtrafikken i Noreg.
(©NPK)
Svenske SJ har fått kontrakten om å drive togtrafikken på Dovrebanen, Rørosbanen, Raumabanen, Nordlandsbanen, Trønderbanen, Meråkerbanen og Saltenpendelen. Det blei kjent på ein pressekonferanse måndag. Direktør i SJ Thomas Silbersky og Jernbanedirektør Kirsti Slotsvik. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix