Storavis: Bayern med forsterka Guardiola-jakt

Bayern München skal vere svært interessert i å hente Pep Guardiola «heim» til trenarjobben i klubben.

Storavisa Bild skriv at Guardiola er heilt åleine i front på Bayerns ønskeliste. Niko Kovac vart nyleg sparka, og truleg vil klubben fullføre sesongen med ei mellomløysing før ei fast tilsetjing blir klar om nokre månader.

Thomas Tuchel (Paris St. Germain) og Erik ten Hag (Ajax) skal vere dei mest aktuelle namna bak Guardiola.

Den spanske supertrenaren pryda onsdag framsida til sportsbilaget Sport Bild der tittelen var «Kjem Pep tilbake?». Han skal for få månader sidan ha vore på eit besøk på Bayerns treningsanlegg.

Guardiola har tidlegare sagt at han vil returnere til Tyskland og kanskje òg som trenar. Bild skriv at Guardiola framleis eig ei leilegheit i München, og at familien hans treivst svært godt i byen.

Avisa melder òg at Guardiolas familie berre i periodar bur i Manchester fordi ho ikkje trivst særleg godt i den engelske storbyen.

Nesten

Posisjonen til spanjolen i den tyske klubben er særs sterk. Guardiola vann sju titlar med Bayern i perioden 2013-16, men han lykkast ikkje med det viktigaste: Å vinne Champions League. Bayern tapte tre strake semifinalar under Guardiola.

Bayern vann det gjævaste klubbtrofeet i fotball sist gong i 2013 etter finalesiger mot Borussia Dortmund.

Etter tre år i Tyskland gjekk Guardiola laus på jobben i Manchester City. Der er han inne i den fjerde sesongen sin. Han har sikra to Premier League-titlar, men heller ikkje nådd målet om siger i meisterligaen med City.

I 2022 skal Champions League-finalen bli spelt på Bayern Münchens heimebane Allianz Arena. Det kan vere den kampen klubbleiinga har i hovudet i jakta på eit reengasjement av Guardiola.

Guardiolas kontrakt med Manchester City spring til sommaren 2021, men skulle klubben ikkje vinne meisterligaen i mai, kan det vere at begge partar ønsker å gå kvar til sitt.

(©NPK)

Pep Guardiola skal vere ønskt tilbake til Bayern München. Foto: Jon Super / AP / NTB scanpix