Storbeslag av elfenbein i Singapore

Singaporske styresmakter gjorde sitt største beslag av elfenbein nokosinne då dei søkte gjennom ei last med tømmer som var på veg til Vietnam.

Konteinaren inneheldt nesten ni tonn med støyttenner frå om lag 300 elefantar. Og dessutan eit stort parti sterkt utryddingstrua skjelldyr - også kjent som pangolinar.

Den ulovleg lasta vart oppdaga i ein konteinar som var på veg frå Kongo til Vietnam, via Singapore, førre veke. Konteinaren var klarert for å frakte tømmer til Vietnam då tollarane gjorde det oppsiktsvekkande funnet.

Funnet av 8,8 tonn ulovleg elfenbein er det største beslaget av elfenbein i landet nokosinne. Støyttennene blir antatt å vere verd over 110 millionar norske kroner etter dagens kurs.

Også dei svært ettertrakta skjelldyra vart freista smugla ut av Singapore. Beslaget blir antatt å stamme frå 2.000 dyr, og har ein antatt verdi på over 306 millionar norske kroner.

Sidan april har totalt 37,5 tonn av den utryddingstrua dyrearten vorte freista smugla ut av Singapore.

Både elfenbein og skjelldyr er svært ettertrakta på den ulovlege marknaden. Medan elfenbein gjerne blir brukt til smykke og kunstgjenstandar, er kjøtt frå skjelldyr populært å ete i mange asiatiske land. Dyra er dekt av skjel som blir nytta i tradisjonell medisin, og all internasjonal handel med skjelldyr vart forbode i 2016.

Singaporske styresmakter opplyser at det store beslaget vil bli destruert.

(©NPK)

Torsdag 18. juli vart det beslaglagt ulovlege støyttenner frå elefantar til ein verdi av over 110 millionar norske kroner i Singapore. Beslaget er det største i landet nokosinne. Foto: Michael Probst AP Photo / NTB scanpix