Annonse

Storbritannias statsminister kritiserer Roald Dahl-endringar

Storbritannias statsminister Rishi Sunak har meldt seg på i debatten om endringane i Roald Dahls bøker. Han synest ikkje noko om oppdateringane.

Annonse

Det har vekt oppsikt at fleire av norsk-britiske Roald Dahls tekstar er redigerte for å vere meir tidsriktige og mindre støytande. Mellom anna er skildringar av personars vekt og utsjånad endra.

Statsminister Sunak er av dei som ikkje har noko til overs for at kjende barnebøker som «Heksene» og «Charlie og sjokoladefabrikken» får ein delvis endra språkdrakt, melder BBC.

– Skjønnlitteraturen bør bevarast, ikkje pynta på, seier ein talsmann for statsministeren.

– Når det gjeld riket vårt og varierte litteraturarv, er statsministeren samd med SVK i at vi ikkje bør gobblefunke med ord, seier talsmannen. Gobblefunk er namnet på alle orda Dahl fann opp til rollefiguren SVK – Store Vennlige Kjempe – i boka med same tittel.

Forfattar Salman Rushdie er også blant dei som har reagert kraftig.

– Roald Dahl var ingen engel, men dette er absurd sensur. Forlaget og rettsforvaltarane bør skamme seg, seier Rushdie.

Roald Dahl døydde i 1990 og rettane til verken hans blir forvalta av Roald Dahl Story Company, som vart kjøpt opp av Netflix i 2021.

(©NPK)

Endringa i Roald Dahls barnebøker har vekt stor oppsikt og ført til ein ny debatt om ein kan endre i verka til avdøde forfattarar. Arkivfoto: Andrew Burton / AP / NTB