Annonse

Storbritannias utanriksminister: - Ei kritisk veke

Storbritannias utanriksminister Jeremy Hunt seier at å lande ein god brexitavtale vil vere viktig for Europas sikkerheit.

- Dette blir ei kritisk veke både for Storbritannia og for våre europeiske samarbeidspartnarar, sa utanriksminister Hunt i forkant av eit møte i Luxembourg.

Søndag var brexitsamtalane på randa av samanbrot etter eit mislykka hastemøte. NTB har fått bekrefta at forhandlingane no er mellombels stoppa fram til EUs toppmøte førstkommande onsdag. Også eit førebuande møte som var planlagt måndag kveld, er avlyst.

Hunt sa også at det er viktig at Storbritannia landar ein avtale med EU som gagnar begge partar. Han seier ein god avtale blant anna er viktig for Europas sikkerheit, og trekker fram den økonomiske sikkerheita.

(©NPK)

Storbritannias utanriksminister Jeremy Hunt hadde samtaler med austeuropeiske utanriksministrar på Chevening House i Sevenoaks i England søndag. Han seier den kommande veka blir kritisk både for Storbritannia og for deira europeiske samarbeidspartnarar. Foto: Jack Taylor / Pool Photo / AP / NTB scanpix