Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre meiner det britiske nei-et til EU vil få politiske konsekvensar for heile Europa. Han meiner europeiske leiarar no må ta ansvar i ei usikker tid.
npk@npk.no
Publisert: 24.06.2016 kl 07:53
– Dette er ein dag som vil forandre Europa. Det britiske folk har talt, og det må politikarane i Storbritannia og i EU ta innover seg, seier Støre til NTB.
Han slår fast at den britiske folkeavstemminga avdekkjer eit djupt splitta Storbritannia.
– Vegen vidare er uklar og uviss. Det vil vere mykje uvisse i så vel politikk som i finansmarknadane i dagane som kjem. No er det tid for politiske leiarar til å ta ansvar, seier Ap-leiaren.
Han meiner det er altfor tidleg å seie noko om konsekvensane for Noregs del.
– EU og Storbritannia må nå finne ei løysing på forholdet seg imellom. EU vil neppe gå med på ein avtale som kan gjere det attraktivt for fleire land å melde seg ut. I Noreg bør vi avvente situasjonen, følgje utviklinga nøye og ta godt vare på EØS-avtalen som har tent oss godt i over 20 år, seier Støre.
Han meiner EU-samarbeidet har fått eit «grunnleggjande varselsignal» om manglande tillit, noko han meiner kjem av at fordelingsmekanismane fungerer for dårleg. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.