Store folkemengder i gatene i Minsk

Titusenvis av menneske er fredag ute i gatene i Kviterusslands hovudstad Minsk, og det blir meldt om eit folkehav på Sjølvstendeplassen i sentrum.

Det blir anslått at meir enn 20.000 menneske er ute i gatene.

I nærleiken av regjeringskvartalet senka ei gruppe soldatar skjoldane, noko som demonstrantane såg som eit teikn på solidaritet, og fleire kvinner gjekk fram og klemde og kyssa dei.

Fabrikkarbeidarar marsjerte gjennom byen og ropte «gå vekk», ei oppmoding retta mot den autoritære presidenten Aleksandr Lukasjenko.

Demonstrasjonane og uroa i landet tok til etter valet på søndag, som Lukasjenko hevdar han vann, men som opposisjonen meiner var prega av omfattande valfusk.

(©NPK)

Kvinner klemmer ein soldat som står vakt utanfor ein regjeringsbygning i Minsk fredag. Foto: Sergei Grits / AP / NTB scanpix