Annonse

Støre gir brexit skulda for Labours katastrofeval

Jonas Gahr Støre trur brexit var sterkt medverkande til det dårlege valet til Labour, men han trur heller ikkje valmanifestet til søsterpartiet var godt nok.

Annonse

Labour fekk berre 203 sete i Underhuset, det dårlegaste resultatet frå partiet sidan 1930-talet.

– Det er eit valresultat sterkt prega av brexit. Britane stemde for å forlate EU i 2016, og eit fleirtal har vore opptatt av å gjennomført resultatet av folkeavstemminga. Samtidig synest eg det er sørgjeleg at Storbritannia får ei kraftig konservativ regjering som vil vidareføre ein politikk som vil halde fram med å auke forskjellane og ramme dei sårbare, seier Arbeidarparti-leiaren til NTB.

Støre seier det no ventar ein stor intern diskusjon i partiet, som no må stake ut ein kurs vidare og velje ny leiar. Jeremy Corbyn har kunngjort at han går av på nyåret, og Støre medgir at han trur Corbyn hadde utfordringar som statsministerkandidat.

– Men eg trur òg at programmet var for ytterleggåande til å appellere til dei breiare veljarmassane, seier Ap-leiaren.

At britane no ser ut til å forlate EU betyr at Noreg må belage seg på forhandlingar om framtidige handelsavtalar med britane. Tida for å komme i land er knapp – Johnsons regjering siktar på å ha avtalane på plass innan overgangsperioden som er meint å gå allereie ut i slutten av 2020.

– Eg føreset at regjeringa førebur seg på forhandlingar med Storbritannia med mål om å ta vare på norske interesser. Vi vil framleis ha sterkt samhald og handelsrelasjonar med Storbritannia, seier han.

(©NPK)

Ap-leiar Jonas Gahr Støre meiner brexit blei den avgjerande faktoren for Labours katastrofeval i Storbritannia, men seier også at manifestet til partiet truleg ikkje var godt nok.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix