Annonse

Støre i Ukraina: – Eit blikk inn i helvete på jord

Å komme ned i skulekjellaren der 300 menneske i den ukrainske landsbyen Yahidne vart haldne innesperra i ein månad, gjorde djupt inntrykk på statsminister Jonas Gahr Støre.

Annonse

– Det vi har sett her vil eg kalle eit blikk inn i helvete på jord. Ei okkupasjonsmakt som tek folk frå nabolaget og stuar dei ned i ein kjellar, seier ein skaka Støre til NTB utanfor skulebygningen i Yahidne.

Statsministerens første tur til Ukraina skjer like etter toppmøtet i Nato der det vart bestemt at Noreg saman med Storbritannia skal gi meir våpen til Ukraina. Etter at Støre fredag formiddag sjølv hadde sett korleis russiske styrkar har gått fram overfor sivilbefolkninga i landet, er ikkje Støre i tvil om at det er rett å hjelpe landet i kampen.

– Ukraina rett til å forsvare seg. Det er ingen som kan stå og seie at dei skal ta imot noko. Det er eit land som vil forsvare seg og som kan forsvare seg.

300 fanga i trong kjellar

Ei gruppe på om lag 20 landsbybuarar helste på Støre utanfor skulen i Yahidne fredag formiddag. Dei var blant dei 300 som i byrjinga av mars vart kommandert ut av heimane sine og stua saman i kjellaren på den lokale skulen.

Under ekstremt tronge forhold heldt dei russiske soldatane lokalbefolkninga fanga i den kummerlege kjellaren i 28 dagar før dei plutseleg forsvann.

– Eg trur vi var menneskelege skjold sidan dei hadde mykje utstyr der, og at det ville forhindre ukrainske styrkar å skyte på dei, seier Valentina, ei kvinne i 50-åra, til NTB.

Sat og sov

Saman med sambygdingen Ludmila var Valentina blant dei første som vart teke til fange og ført til kjellaren den 3. mars. Dei neste dagane kom det stadig fleire, og til slutt var 176 barn og rundt 130 vaksne presset saman i dei tronge romma.

– Det var mørkt og fuktig. Der eg sat rann det vatnet ned og var kaldt. Vi kunne ikkje strekkje på beina, så dei hovna opp og vart vonde. Det var ikkje plass til å leggje seg ned eller å strekkje ut beina, så vi måtte sitje og sove, fortel dei to kvinnene.

I 28 dagar vart bebuarane i landsbyen halde som fangar. Dei vart henta ut for å gå på do, men måtte ofte halde seg i opptil eit døgn før dei slapp ut. Til slutt byrja folk å døy nede i mørket.

Plyndra huset

Den yngste som var nede i kjellaren, var fem månader gamle Polina Frolova. Saman med foreldra Eugenia og faren Roman sleppte heller ikkje ho ut av fangenskapet før dei russiske soldatane brått vart vekk den 30. mars.

– Vi høyrde fuglane og forstod at soldatane hadde drege. Då vi kom ut, var alt vi hadde i huset vårt stole eller øydelagt, fortel Eugenia til Støre.

– Vi håpar dotter vår ikkje kjem til å hugse noko av dette, seier ho.

Vil dele historia

– Eg vil dele historia deira når eg reiser tilbake til landet mitt Noreg. Dette er ei skrekkeleg historie, og de har som sivile vorte utsette for tortur i krig. Eg er her for å høyre på historier som deira og vil støtte de stort, sa Støre til den vesle familien.

Statsministeren, som også tidlegare har besøkt både krigssoner og svoltkatastrofar, var tydeleg gripen av historiene til landsbybebuarane.

– Det er frykteleg. Og det å sjå den kjellaren, som eg vil karakterisere som ein svinesti, og tenkje at her har det lege ei militærmakt bak som har tvinga menneske saman, det er eit bilete av det grufulle ansiktet til krigen, seier han til NTB.

(©NPK)

Eit blikk inn i helvete på jord, kalla statsminister Jonas Gahr Støre kjellaren der 300 av innbyggjarane i Yahidne vart haldne innesperra i 28 dagar i mars. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK

Statsminister Jonas Gahr Støre vitja fredag Ukraina og fekk så konsekvensane av den russiske invasjonen.
Foto: Javad Parsa / NTB / NPK

28 dagar sat Ludmila (t.v.) og Valentina frå landsbyen Yahidne i Ukraina som fangarr av russiske soldatar i kjellaren under skulen i landsbyen i mars. I alt 300 av innbyggjarane vart haldne innesperra. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK

Kjellaren under skulen i ukrainske Yahidne der 300 av innbyggjarane vart haldne innesperra i 28 dagar i mars. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK