Store mengder agurk på marknaden

Det er så store mengder agurk på marknaden at det rett og slett er litt for mykje til å få selt unna, ifølgje Landbruksdirektoratet.

Men det er på veg til å stabilisere seg, ifølgje direktoratets grøntnyheiter som kjem kvar veke.

- For runde tomatar er situasjonen litt annleis. Han har snudd i det siste, og etterspørselen er større enn produksjonen, heiter det i marknadsanalysen.

Om ein er på jakt etter norske bringebær, så vil dei òg det snart bli å finne i butikkhyllene. Skal vi tru Landbruksdirektoratet aukar mengdene, noko som betyr at det kan bli rekordmykje bringebær denne sesongen dersom vêret held seg.

Dei norske bringebæra konkurrerer med importen. Sidan pakningane med norske bringebær inneheld meir bær, vil dei koste meir i butikk. Reknar du på kiloprisen, så vil du likevel sjå at norske bær er billegare enn dei utanlandske, opplyser direktoratet.

Norske jordbær har allereie inntatt marknaden og det blir meldt om gode mengder bær.

(©NPK)

Det er store mengder agurk på marknaden. Det er litt for mykje til å få selt unna, men det held på å stabilisere seg.
Illustrasjonsfoto: Vegard Grøtt / NTB scanpix

Om vêret held seg kan det bli rekordmykje bringebær i år.
Illustrasjonsfoto: Paul Kleiven / NTB scanpix