Oljedrama på overtid i Stortinget

Forhandlingane om oljeskatt går på overtid på Stortinget. Ap-leiar Jonas Gahr Støre signaliserer at han siktar mot ei løysing der staten ikkje mistar inntekter.

Torsdag vart dei parlamentariske leiarane kopla inn i forhandlingane etter at finanspolitikarane vart nøydde til å kaste inn handkleet kvelden i førevegen.

Eit første møte mellom dei parlamentariske leiarane vart avslutta like før klokka 12.30 torsdag utan at nokon konklusjon var nådd. Forhandlingane var då allereie to timar på overtid.

– Målet er å finne ei løysing så fort som mogleg, sa Frp-leiar Siv Jensen på veg ut.

Torsdag klokka 14.30 sette partia seg ned til eit nytt møte for å prøve å bli samde.

Skatteutsetjing

Forhandlingane har gått mellom dei tre regjeringspartia Høgre, KrF og Venstre og Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Framstegspartiet. SV trekte seg tidlegare i veka.

Det partia forhandlar om, er ei mellombels utsetjing av skatterekninga for oljeselskapa i kjølvatnet av koronakrise, økonomisk bråstopp og kraftig oljeprisfall.

Håpet er at utsetjinga skal frigjere pengesummar i 100-milliardsklassen til nye investeringar no.

Men blir ordninga for lukrativ for oljeselskapa, kan konsekvensen bli tapte skatteinntekter for staten på sikt.

Balansepunkt

Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre signaliserer at målet er å finne balansepunktet der oljenæringa får frigjort meir pengar no, men der skatteinntektene til staten verken blir større eller mindre på sikt enn med dagens ordning.

– Eg synest det å sikte mot ting som er provenynøytrale er eit godt utgangspunkt. Så er det veldig vanskeleg å sitje i dag og seie akkurat kvar vi er nokre år fram i tid, seier Støre til NTB.

Det handlar om å treffe det rette punktet, forklarer han. Både å gjere for lite og å gjere for mykje vil vere feil.

Frp-leiar Siv Jensen seier ho ikkje ser nokon grunn til å gå inn for ei løysing som vil gi næringa betydelege skattesubsidiar.

– Vi snakkar ikkje her, i alle fall ikkje vi, om å leggje løysingar som inneber betydeleg skattelette. Dette handlar i realiteten om å utsetje skatteinnbetalingane, slik at staten får sin del av dette, forklarer ho.

Friinntekt

Eit kjernepunkt i forhandlingane er den såkalla friinntekta, eit særskilt skattefrådrag på investeringar som oljeselskapa nyt godt av.

Medan regjeringa opphavleg foreslo å setje friinntekta til 10 prosent, har opposisjonen kravd at ho blir auka kraftig. Det vil gi oljeselskapa endå gunstigare investeringsvilkår.

Eit forslag som har vore framme i forhandlingane, er ei friinntekt på 20,8 prosent. Men eit slikt nivå vil ifølgje Finansdepartementet føre til at staten taper skatteinntekter på sikt.

Friinntekta må ned til rundt 20 prosent for at ordninga skal bli nøytral.

Selskapsskatt

Men politikarane har òg andre knottar å skru på, noko som har forvanska forhandlingane.

Etter det NTB kjenner til, har ei stor usemje i sluttfasen vore om ein skal opne for direkte utgiftsføring på selskapsskatten. Dette er noko oljebransjen har ønskt seg sterkt.

Finansminister Jan Tore Sanner (H) har for sin del åtvara kraftig mot ei slik endring fordi det då vil vere fare for «uheldige smitteeffekter» til andre næringar. «En risikerer dermed å uthule selskapsskatten på sikt», skriv Sanner i eit brev til Stortinget.

Samtidig blir det krangla framleis om realisering av ein terminal på Veidnes i Finnmark for ilandføring av olje frå Johan Castberg-feltet, etter det NTB forstår.

(©NPK)

Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre, Høgres parlamentariske leiar Trond Helleland, framstegspartileiar Siv Jensen og Venstres parlamentariske leiar Terje Breivik under forhandlingane på Stortinget om oljeskatt. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix