Større aksept for innvandrarar

Skepsisen til innvandrarar og innvandring blir stadig mindre, viser ei undersøking frå SSB.

94 prosent av dei som svarer, oppgir at det ikkje ville vore ubehageleg om dei sjølv eller nokon i næraste familie fekk ei heimehjelp eller ein nabo som var innvandrar.

Det kjem fram i den årlege undersøkinga om haldninga til innvandrarar.

- Ein noko større del viser skepsis til å få ein innvandrar som svigerson eller svigerdotter, men denne delen blir stadig mindre, seier seniorrådgivar Frøydis Strøm i SSB.

Ubehag

I årets undersøking svarer 79 prosent at dei ikkje ville følt ubehag ved dette, ein auke på fire prosentpoeng sidan i fjor. 17 prosent svarer stadfestande på at det ville vore ubehageleg, medan 4 prosent svarte «veit ikkje».

Samtidig har det vorte meir vanleg å ha kontakt med innvandrarar på jobb og i nabolaget. I årets undersøking oppgir 79 prosent at dei har kontakt med innvandrarar, mot 67 prosent i 2002.

61 prosent svarer at dei har innvandrarar som ein del av venne- eller omgangskretsen. Det er ein auke på 32 prosentpoeng sidan 2002. Berre sidan i fjor har delen auka med 18 prosentpoeng.

Positive haldningar

- Vi ser òg ei utvikling i retning av meir positive haldningar til innvandrarar i arbeidslivet. Ni av ti er einige i påstanden om innvandrarar bør ha same moglegheit til arbeid som nordmenn, seier Strøm.

Undersøkinga fangar likevel opp noko meir kritiske haldningar til innvandrarar og bruken av velferdsordningar og kriminalitet. Medan éin av fire er heilt eller nokså einig i påstanden om at innvandrarar flest misbrukar sosiale velferdsordningar, seier seks av ti seg heilt eller nokså usamd.

49 prosent meiner at innvandrarar bør streve etter å bli så like nordmenn som mogleg, medan den attverande halvparten er heilt eller nokså usamd i dette.

(©NPK)