Størst skredfare i nord i vinterferien

Delar av landet har vinterferie til veka og mange har planar om fjelltur. I Nord-Noreg er det stor snøskredfare, mens faren er meir moderat i Sør-Noreg.

Elevar og lærarar på Austlandet, Sørlandet og Sogn og Fjordane startar vinterferien sin no. I desse områda er snøskredfaren heldigvis lågare enn før, ifølgje NVE.

- I heile Sør-Noreg ser det ut til at skredfaren stort sett har komme ned på moderat nivå etter mildvêret som delvis har herja hardt gjennom veka. På faregrad 2 - moderat skredfare - er det viktig å setje seg godt inn i skredproblema når ein skal ut på tur, seier vaktleiar Ragnar Ekker i Snøskredvarslingen.

For folk som reiser nordover, blir det atskilleg verre. Det blir venta på ny faregrad 4 i delar av Nordland og faregrad 3 i resten av Nordland og Troms.

- Det er krevjande forhold i fjellet no. Oppmodinga er å halde seg unna skredterreng under slike forhold, seier Ekker.

Nokre vegar er òg stengde på grunn av rasfare.

(©NPK)

Ser du slike sprekker, høyrer drønn eller ser ferske skred er det tydelege teikn på skredfare, ifølgje NVE. Foto: NVE / NTB scanpix