Største startfelt i kombinert-NM gjennom tidene

Det er duka for NM-fest i kombinert i Midtstubakken og Beitostølen. Sportssjef Ivar Stuan meiner det blir ein av dei viktigaste konkurransane denne sesongen.

Hoppinga skjer i Midtstubakken i Oslo torsdag, medan langrennsdelen skal gå på Beitostølen.

- Dette er det største startfeltet i NM kombinert i historia. Eg kan aldri hugse at vi har hatt 54 deltakarar med tidlegare. For første gong på fleire år er alle friske og på start. Det er strålande at vi også har ti jenter som alle hoppar i 100-meterbakken på start i det første november-NM for kvinner. Dette lovar godt for ein spennande kombinertvinter, seier Stuan.

Mennene har to NM-distansar på Beitostølen laurdag og søndag.

- Det at kongepokalen blir delt ut til gutane på 10-kilometeren søndag set ein ekstra spiss på arrangementet og løftar konkurransen opp blant dei viktigaste denne sesongen, meiner Stuan.

(©NPK)

Sportssjef Ivar Stuan ser fram til kombinert-NM. Startfeltet er det største nokon gong. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix