Annonse

Stortingssvara for Frp suspendert frå partiet

Ingelinn Lossius-Skeie, som er vara på Stortinget, er suspendert av Agder Frps fylkesstyre i ni månader for brot på retningslinjene til partiet

Det er ingen som vil komme inn på kva ho har gjort som har ført til suspensjonen, skriv Agderposten.

Fylkesleiar Christian Eikeland i Agder Frp opplyser at fylkesstyret meiner Lossius-Skeie har brote retningslinjene til partiet.

Etter det Agderposten kjenne til, skal det ikkje ha vore eit einstemmig fylkesstyre som vedtok suspensjonen. Lossius-Skeie har møtt som vara for Åshild Bruun-Gundersen på Stortinget i 13 dagar ifølgje Stortingets oversikt.

Eikeland vil ikkje seie noko om årsaka til suspensjonen fordi det kan komme ein anke frå Lossius-Skeie. Dersom Lossius-Skeie ankar suspensjonen, kan Frps sentralstyre oppheve han.

Lossius-Skeie fekk nyleg permisjon frå alle sine lokalpolitiske verv i Lillesand fram til 1. juli. I søknaden vart familiære grunnar oppgitt som bakgrunn.

Til Fædrelandsvennen seier Lossius-Skeie at ho har anka.

«Jeg håper Frps sentralstyre prioriterer å behandle anken innen få dager. Lillesand Frp har strøket mitt navn fra kommunelista for neste fireårsperiode på grunn av suspensjonen. Fristen for innsendelse av liste er 1. april, derfor haster det med å få en avgjørelse», skriv ho i ein SMS.

(©NPK)