Strand Larsen sende G19-landslaget til EM-sluttspelet
Noregs G19-landslag er klare for EM i Armenia til sommaren. Gunnar Halles gutar slo Kroatia 3-2 i den siste kampen i kvalifiseringa.
Sigeren kom etter to flotte scoringar frå Jørgen Strand Larsen og eit solid norsk forsvarsspel. Dessutan stod målvakt Kristoffer Klaesson ein veldig god kamp, og han heldt Noreg inne i kampen gjennom heile førsteomgangen.
Då hjelpte det lite at Tyskland slo Ungarn 3-0 i sin kamp tysdag. Noreg enda med 7 poeng mot Tysklands 6.
Heimelaga hadde nokre gedigne sjansar dei første 30 minutta, men Klaesson redda meisterleg ved fire-fem høve.
Dei norske spelarane var farlege på dei sporadiske kontringsraida sine, og tre minutt før pause gjorde Strand Larsen 1-0. Han vart frispelt av Tobias Christensen som i trekket før hadde kombinert flott med Joshua Kitolano.
Det meste skulle gå Noregs veg. Fem minutt etter pause sette Mario Vuskovic ballen i eige nett til 2-0-leiing til Noreg.
Strand Larsen, som til dagleg spelar for Sarpsborg 08, auka til 3-0 etter ein dryg time. Han heada ei pasning frå Christensen elegant i mål.
Snaue kvarteret før slutt reduserte Bosko Sutalo til 1-3. Backen Edvard Tagseth måtte ty til ulovlege middel då han stoppa innbytar Jurica Prsir inne i feltet, og Ante Palaversa gjorde 3-2 på straffe.
Gunnar Halles mannskap opna med 0-0 mot Ungarn, men banka dei tyske favorittane 1-0 laurdag. EM-sluttspelet går i Armenia 14.- til 27. juli.
(©NPK)
Sarpsborgs Jørgen Strand Larsen (til høgre) scora to av måla i 3-2-sigeren over Kroatia som sende G19-landslaget til EM-sluttspelet. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix.