Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Streik i Parat rammar forsyningar av all flymat ved Gardermoen og Flesland etter brot i forhandlingane med NHO Reiseliv. Dei reisande blir bedt om å ta med matpakke.
npk@npk.no
Publisert: 19.05.2016 kl 10:25
Sist oppdatert: 20.05.2016 kl 07:39
– Det er vanskeleg å forstå at NHO Reiseliv ikkje har vore villige til å møte oss på nokon av våre krav. Vi er i streik frå fredag morgon, noko som vil ramme forsyningar av all flymat ved Gardermoen og Flesland, seier Parats forhandlingsleiar Grethe Diserud.
Presseansvarleg Charlotte Holmberg Jacobsson i Norwegian kan informere om at langdistanserutene ikkje blir ramma av streiken.
– Den påverkar berre våre kortdistanseruter, og der har vi sendt ut ei tekstmelding til dei det gjeld om å stå for mat og drikke sjølv – men ingen alkohol, seier ho til NTB. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.