Annonse

Strid om abortsaka må opp i Stortinget

Endringar i abortlova må først behandlast av Stortinget, meiner Ap-leiar Jonas Gahr Støre og helseminister Bent Høie (H). Sps Kjersti Toppe er usamd.

Endringar i abortlova må først behandlast av Stortinget, meiner Ap-leiar Jonas Gahr Støre og helseminister Bent Høie (H). Sps Kjersti Toppe er usamd.

- Det må til Stortinget fordi lova må endrast, seier Ap-leiaren til NTB.

Eitt av dei mest betente teama under regjeringsforhandlingane var abort, der KrF kjempa for innstramming i lova. Dei fekk ikkje gjennomslag for å fjerne paragraf 2c, som opnar for seinabort ved alvorleg sjukdom hos fosteret, men fekk ja til å fjerne moglegheita for fosterreduksjon ved friske fleirlingar, noko som gjer at abortlova må endrast.

Høgre-nestleiar og helse- og omsorgsminister Bent Høie stadfester overfor Dagsavisen at abortlova må endrast for å sikre KrF-gjennomslaget, og at saka dermed må behandlast i Stortinget.

- Logisk tilpassing

Senterpartiets Kjersti Toppe har likevel eit anna syn på den formelle prosessen vidare. Sp har tidlegare støtta KrFs krav om å forby fosterreduksjon, og Toppe meiner dette kan gjerast utan å gå vegen om ei lovendring.

- Eg må ta atterhald om at vi ikkje veit kva dei kjem med. Men dersom dei ønsker å legge inngrepet under nemndbehandling, så er det berre ein logisk tilpassing av dagens praksis. Og då forstår eg ikkje kvifor Arbeidarpartiet er så avvisande, seier Toppe til VG.

- Dagens opning for fosterreduksjon er ikkje resultatet av ein lovendring, men ei tolking av gjeldande løyve. Sidan det er medisinsk og teknisk umogleg å gjennomføre ein fosterreduksjon før svangerskapsuke 12, er det berre rimeleg at inngrepet blir underlagt behandling i nemnd, som alle andre ønsker om abort etter veke 12, seier Toppe.

Denne tolkinga blir likevel avvist av Helse- og omsorgsdepartementet. Justisdepartementet konkluderte i 2016 med at retten til sjølvbestemt abort inntil tolvte svangerskapsuke òg omfattar retten til å redusere talet på foster i eit fleirlingsvangerskap. Eit forbod mot dette vil derfor krevje ei endring i abortlova., fastslåast det.

Må stemme for

Abortspørsmålet har òg skapt konflikt internt i partia, og det er stor motstand mot lovendringa i tre av fire parti i den nye regjeringa. Mellom anna i Venstre er motstanden stor, der sju medlemmer av landsstyret til partiet torsdag stemde mot plattforma - nettopp på grunn av abortlova.

Klassekampen skreiv tidlegare i januar at fleire representantar i både Høgre og Frp var klare på at dei ikkje vil la seg tvinge til å forby fosterreduksjon. Høie seier han er trygg på at alle i partia vil stemme for.

- Dette står i regjeringsplattforma. Han har alle partia slutta seg til, og då må alle stemme for, seier Høie til Dagsavisen.

Statsminister Erna Solberg (H) sa i debatten på NRK torsdag kveld at det var på tide å gjere endringar i ei lov ho meiner har vorte feiltolka til å ha ei større opning enn det som vart diskutert for 40 år sidan.

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes sterkt usamd i den varsla lovendringa og varslar «Noregs største protesttog» 8. mars. SV-leiar Audun Lysbakken varslar at partiet hans vil gå mot alle innskrenkingar i abortlova.

Ropstad beklaga utspel

KrF-nestleiar Kjell Ingolf Ropstad seier han er lei seg for at abortdebatten vart så hard, utan at han fekk gjennomslag for alt.

Då han i debatten på NRK torsdag kveld sa at kvinner som ber fram eitt barn, bør klare å bere fram to, rann begeret over for mange. Ropstad måtte krype til korset og beklaga utspelet på NRKs Politisk kvarter fredag morgon.

- Det var krøkkete sagt.

- Det eg sa var at vi må legge til rette for desse familiane. Klarar ein å bere fram eitt barn, bør vi som samfunn legge til rette for at du skal kunne bere fram to, presiserte han.

(©NPK)

Ap-leiar Jonas Gahr Støre kallar torsdag ein historisk trist dag. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Høgre, Frp, Venstre og KrF la torsdag fram den nye regjeringsplattforma. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix