Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Den norske kyrkje ønsker å opprette ei eiga presteteneste for taterane/romanifolket etter å ha sagt unnskyld for behandlinga minoriteten har fått. Romanifolket ønsker heller ei annan form for støtte.
npk@npk.no
Publisert: 23.08.2016 kl 08:24
– Kyrkja leverer berre ord, ord, ord. Sidan dei kom med unnskyldninga til romanifolket på kyrkjemøtet i 2000, har dei ikkje gjort anna enn å snakke, seier styreleiar Linda Aleksandersen i Landsorganisasjonen for Romanifolket (LOR) til Vårt Land. Ho seier at dei verken treng eller har etterspurt ei presteordning.
– Vi har to svært konkrete ønsker. Kyrkja bør vere pådrivar for ein kollektiv erstatningsordning for romanifolket og for arbeidet med å etablere ein eigen stad, eit senter for romanifolket, seier ho.
Kyrkja seier den skal sjå nærmare på desse ønska. Assisterande direktør Gerd Karin Røsæg i Kyrkjerådet forklarer kva kyrkjeleiinga har tenkt då arbeidet med ei eiga presteteneste blei sett i gang:
– Kyrkja har sagt unnskyld til romanifolket og taterane for behandlinga som blei dei til del. Men unnskyldningane frå to kyrkjemøte har ikkje nådd langt nok ut. Derfor prøver vi no å tilby kyrkjelege tenester, seier Røsæg. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.