Strømsgodset forlengde med trenaren

Eliteserieklubben Strømsgodset har forlengt kontrakten med hovudtrenar Henrik Pedersen. Dansken har signert med klubben ut 2023-sesongen.

– Denne forlenginga betyr utruleg mykje for Strømsgodset. Henrik har på mange måtar teke klubben med storm og han har lagt ned eit imponerande stykke arbeid sidan han kom hit, seier sportssjef Jostein Flo til nettsida til klubben.

Pedersen kom til Strømsgodset i fjor sommar. Då låg Drammensklubben sist på tabellen med 10 poeng etter 16 kampar. Dansken redda klubben frå nedrykk.

– Vi er veldig glad for at han ønskjer å byggje vidare på det vi har starta og halde fram med å jobbe langsiktig og strategisk saman med oss. No skal han vidareføre og vidareutvikle spelestilen med ei spelargruppe som er ung, svolten og som stadig tek nye steg, seier Flo.

(©NPK)

Strømsgodset-trenar Henrik Pedersen har forlengt med eliteserieklubben. Foto: Trond Reidar Teigen / NTB