Klargjør siden...
Annonse

Studentforeining skulda for seksualiserte jobbintervju

(NPK-NTB): Fleire studentar fortel at dei blei bedne om å kle av seg på jobbintervju hos bartenderutvalet BUFF ved BI i Oslo. Studentforeininga avviser påstandane.

Studentavisa Universitas skriv at fleire studentar har fortalt at dei blei bedne om å kle av seg på jobbintervju for å vere med i BUFF. Éin av dei, ein student som ønskjer å vere anonym, seier at han blei bedt om å simulere oralsex.

– Dei ville også at eg skulle strippe av meg kleda medan eg dansa forførande, seier han.

– Dei sa at eg kunne seie nei, men dei streka under at dei ikkje ønskte at eg skulle gjere det. Dei hadde mange søkjarar og ville ikkje tilsetje kjedelege folk.

Leiar Helena Møller-Nordbye i BUFF avviser påstandane som rykte som foreininga ikkje ønskjer å bli assosiert med.

– Påstandane om nakenheit og å simulere sex er ikkje sanne. Vi har eit seriøst intervju og eit litt mindre seriøst intervju. I det andre intervjuet får intervjudeltakarane moglegheita til å vise om dei er kvalifiserte til å jobbe som bartender eller DJ. Dette er innarbeidd praksis over fleire år, skriv ho i ein e-post til studentavisa.

Administrasjonen ved BI har bedt om ei utgreiing frå studentforeininga om saka. (©NPK)

Annonse