Annonse

Studie: Ein tredel av Afrikas flora trua av utrydding

Ein tredel av dei tropiske plantane i Afrika står i fare for å bli utrydda, viser ein førebels studie publisert i tidsskriftet Science Advances.

Annonse

Den såkalla raudlista til Naturvernunionen i verda (IUCN) er ganske komplett når det gjeld dyr og fuglar, men inneheld få plantar. Berre ti prosent av plantane i verda er vurderte. Dette arbeidet er tidkrevjande sidan det finst meir enn 350.000 planteartar til saman.

Eit forskingsteam leidd av Thomas Couvreur ved det franske forskingsinstituttet for berekraftig utvikling IRD har derfor analysert meir enn 22.000 vaskulære plantar. Vaskulære plantar er alle landsplantar unntatt mose.

Resultatet viser at 32 prosent, eller nær 7.000, av artane i Afrika er trua eller potensielt trua.

Område i Etiopia, sentrale delar av Tanzania, sørlege delar av Kongo og skogane i Vest-Afrika er mest utsette, meiner forskarane.

Metodane som har vorte brukte ved bruk av dataanalyse, blir beskrivne som ein kostnadseffektiv måte for å vurdere om artar høyrer heime på raudlista.

- Dei to metodane utfyller kvarandre. Det er framleis behov for ein internasjonal innsats for å vurdere planteartar i Afrika, seier Couvreur.

(©NPK)