Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-Jan-Morten Bjørnbakk): Det er mange gode grunnar til å ete meir fisk. Men fisk har ingen førebyggjande verknad mot kreft, viser ein omfattande og langvarig studie.
npk@npk.no
Publisert: 14.09.2016 kl 16:27
Forskarar frå ti europeiske land har i meir enn 25 år samla inngåande data om kosthaldsvanar og kreftrisiko. Meir enn ein halv million menn og kvinner svarte på detaljerte spørjeundersøkingar, og over 400.000 gav blodprøver til ein biobank.
– Det finst ingen studiar som viser at inntak av fisk aukar risikoen for å utvikle kreft. Nokre få studiar tyder laust på at inntak av fisk reduserer risikoen for visse kreftformer, men den overordna konklusjonen er at fisk er eit heilt nøytralt næringsstoff, seier professor i sosialmedisin Eiliv Lund ved Universitetet i Tromsø (UiT) til NTB.
– Eit nærare samarbeid mellom helseforskarar og forskarar som arbeider med sjømat, vil kunne gi mykje viktig kunnskap. Her er det mykje vi enno ikkje veit, seier direktør Arvid Hallén i Forskingsrådet.
– Fisken inneheld masse av dei stoffa vi treng. Aukar du inntaket av fisk, kan det erstatte annan mat. Viss du er redd for å utvikle kreft fordi du et mykje raudt kjøtt, kan du byrje å ete fisk. Da går du over til noko som er nøytralt, seier Lund.
Han viser òg til at det er mykje mindre kaloritettleik i fisk enn i kjøttet, pizzaen eller alt det andre du heller ville ha ete.
I 2006 tilrådde Vitskapskomiteen for mattryggleik at gravide burde oppfordrast til å avgrense inntaket sitt av feit fisk som laks, sild og makrell. Grunngivinga var at feit fisk inneheldt feittløyselege miljøgifter.
Dette var, ifølgje Eiliv Lund, ei feilslutning. Den omfattande europeiske studien avdekkjer ingen effektar av miljøgifter som no har vore forbodne i lang tid.
– Når det totale utsleppet i verda går ned, forsvinn også desse stoffa sakte. Feit fisk inneheld mykje mindre miljøgifter i dag enn for 20– 30 år sidan og inneber ingen risiko, seier Lund til NTB. (©NPK)