Annonse

Stuhec til topps i Val Gardena, Mowinckel på 18.-plass

OL-sølvvinnar Ragnhild Mowinckel enda på ein forsiktig 18.-plass i utforrennet i italienske Val Gardena. Ilka Stuhec frå Slovenia vann.

Den slovenske fartsspesialisten mista heile førre sesong med ein kneskade, men tysdag var ho tilbake på toppen av sigerspallen i verdscupen.

Stuhec hadde 14/100 sekund sigersmargin til toar Nicol Delago frå Italia. Austerrikske Ramona Siebenhofer, som hadde vore best i fleire treningsomgangar, vart fråkøyrd med 51 hundredelar og enda på 3.-plass.

Ragnhild Mowinckel hadde sjette beste tid då ho kom i mål som ellevte alpinist, men ho skulle falle ytterlegare på resultatlista. Molde-jenta, som tok OL-sølv i utfor i februar, enda 1,55 sekund bak Stuhec.

Kajsa Vickhoff Lie ligg på ein førebels 24.-plass etter at 38 utøvarar har vore utfor i Val Gardena.

(©NPK)

Ilka Stuhec tok sin første verdscupsiger etter den langvarige kneskaden. Foto: Alessandro Trovati / AP / NTB scanpix