Sturridge blir suspendert etter brot på bettingreglar

Daniel Sturridge får ei saftig bot og blir suspendert frå fotball i snaue to veker etter å ha brote reglane for gambling, melder BBC.

Samtidig som briten blir suspendert, får han ei bot på omtrent 800.000 kroner.

Sturridge er klubblaus etter at kontrakten med Liverpool gjekk ut, men kan altså spele fotball igjen 31. juli, ifølgje BBC. Han vart i utgangspunktet gitt seks vekers suspensjon, men fire av vekene er oppheva.

Kringkastaren melder samtidig at Det engelske fotballforbundet (FA) kjem til å anke dommen.

29 år gamle Sturridge braut bettingreglane då han instruerte broren sin til å setje pengar på ein mogleg overgang til Sevilla samtidig som han gav han innsideinformasjon.

(©NPK)