Sturridge klar for Sørloths klubb

Tidlegare Liverpool-spiss Daniel Sturridge er klar for den tyrkiske klubben Trabzonspor. Der blir han lagkamerat med Alexander Sørloth.

- Vi har vorte samde med Daniel Sturridge om vilkåra i ein treårskontrakt med opsjon på forlenging i ytterlegare eitt år, står det i ei fråsegn frå klubben.

Sturridge har 26 landskampar for England. Han forlét Liverpool då kontrakten gjekk ut i sommar. Han har tidlegare spelt for Manchester City og Chelsea.

I juli fekk 29-åringen ei bot på om lag 800.000 kroner og vart utestengt i seks veker (fire av dei på vilkår) for å ha brote reglane for veddemål ved å få broren sin til å setje pengar på ein mogleg overgang til Sevilla.

Alexander Sørloth er leigd ut til Trabzonspor frå Crystal Palace i to år. Han har fått ein særs god start i den tyrkiske klubben med scoring i sine tre første kampar. Han har spelt åleine på topp i 4-2-3-1-formasjonen, men kan få tøff konkurranse om den plassen frå Sturridge.

Trabzonspor speler torsdag første kamp mot greske AEK i avgjerande runde i europaligakvalifiseringa.

(©NPK)

Alexander Sørloth fikk ein ny lagkamerat og spissrival då Daniel Sturridge blei klar for Trabzonspor onsdag. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix