Putin gir globaliseringa skylda for skulemassakren på Krim

Russlands president Vladimir Putin seier skulemassakren på Krim-halvøya er eit resultat av globalisering, og at han «følgjer ein amerikansk trend».

Torsdag steig talet på døde til 20 etter at ei jente døydde på sjukehus av skadane ho hadde fått.

- Dette er eit resultat av globaliseringa. På sosiale medium, på internett, ser vi at det er etablert eit heilt eige samfunn. Alt starta med dei tragiske hendingane på skular i USA, sa Putin då han talte på ein konferanse i Sotsji torsdag.

Kan ha fått hjelp frå andre

Russlands nasjonale etterforskingskomité har slått fast at det var Vladislav Rosljakov som stod bak massakren onsdag på yrkesskolen i Kertsj ved Svartehavet. 18-åringen tok deretter sitt eige liv.

Sergej Aksjonov, den øvste politiske leiaren på Krim-halvøya, understreka torsdag at Rosljakov var åleine om ugjerninga, men han ser ikkje vekk frå at 18-åringen kan ha fått hjelp frå andre til å planleggje angrepet.

Mindreårige offer

Ni av dei tjue som vart drepne, var mindreårige. Det yngste av offera var ein 15 år gammal gut, og det var òg fleire 16-åringar blant dei drepne.

43 andre vart såra under skulemassakren, mange av dei mindreårige.

Skulemassakren er den verste i sitt slag i russisk-kontrollerte område. Russland invaderte og annekterte Krim-halvøya frå Ukraina i 2014.

(©NPK)

Kvinner tenner lys til minne om offera for skulemassakren i Kertsj på Krim-halvøya. Foto: AP / NTB scanpix,

Russlands president Vladimir Putin gir globaliseringa skylda for skulemassakren på Krim-halvøya. Foto: AP / NTB scanpix