Trump: Sudan normaliserer forholdet til Israel og blir teke av terrorliste

Sudan normaliserer forholdet til Israel, ifølgje Trump-regjeringa, som seier fleire arabiske land vil gjere det same. Sudan blir òg fjerna frå USAs terrorliste.

Sudan er så langt det tredje arabiske landet som i år normaliserer forholdet sitt til Israel, etter Dei sameinte arabiske emirata og Bahrain.

– Sudan og Israel har vorte samde om å normalisere forholdet seg imellom. Endå eit stort steig mot fredsbygging i Midtausten når endå eit land sluttar seg til Abraham-avtalen, skriv Trump-medarbeidar Judd Deere på Twitter.

– Ei ny verd

Ifølgje Trump står fem andre arabiske land klare til å normalisere forholda sine og slutte fred med Israel. Han forventar at eitt av desse vil bli Saudi-Arabia.

– Vi har minst fem andre som ventar på å bli med, sa Trump i ein telefonsamtale med leiarane i Israel og Sudan fredag.

– Dette er ei ny verd, sa Israels statsminister Benjamin Netanyahu, ifølgje nyheitsbyrået AP.

– Vi samarbeider med alle. Vi byggjer ei betre framtid for oss alle, understreka statsministeren.

Heideren i dei arabiske landa av Israel er ein stor utanrikspolitisk siger for Donald Trump, kort tid før presidentvalet 3. november.

Utviklinga er òg positiv for Benjamin Netanyahu, som står tiltalt for svindel, tillitsbrot og for å ha fått pengar under bordet. Den siste tida har det vore protestar i Israel kvar veke der titusenvis har uttrykt misnøya si med statsministeren.

Blir stroke frå terrorliste

Kunngjeringa om normalisering kom rett etter at Trump erklærte at Sudan blir fjerna frå lista til amerikanarane over land som støttar terrorisme.

Dette skjer etter at Sudan har overført 335 millionar dollar, dryge tre milliardar kroner, til ein konto med midlar til amerikanske terroroffer og familiane deira.

Trump tvitra måndag at Sudan ville bli fjerna frå lista så snart overføringa skjedde.

– Denne dagen markerer eit monumentalt framsteg i det bilaterale forholdet mellom USA og Sudan, og ei omdreiing for Sudan, seier Trumps pressesekretær Kayleigh McEnany.

Avgjerda må no formaliserast i Kongressen.

Sudan var inkludert på terrorlista fordi Sudans tidlegare leiar Omar al-Bashir på 1990-talet tillét al-Qaida, og leiaren for terrorgruppa Osama bin Laden, å opphalde seg landet. Sudan har vore på den amerikanske terrorlista sidan 1993.

Al-Bashir vart styrta i fjor etter store demonstrasjonar.

(©NPK)

President Donald Trump var fredag på telefon med leiarane i Sudan og Israel, som har blitt samde om å normalisere det diplomatiske forholdet sitt. Foto: Alex Brandon / AP / NTB