Annonse

Sudansk mann drepen etter å ha vorte plukka opp av Libyas kystvakt

FN reagerer kraftig etter at ein sudanar vart drepen då han motsette seg retur til ein av Libyas interneringsleirar etter å ha vorte stoppa på veg til Europa.

Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM) fordømmer drapet på det sterkaste.

- Dette er ein venta tragedie. Bruken av skarpe kuler mot uvæpna, sårbare sivile, enten det er menn, kvinner eller barn, er uakseptabelt under alle omstende, skriv IOMs talsmann Leonard Doyle i ei fråsegn fredag.

FN-organisasjonen krev at libyske styresmakter etterforskar saka og at dei ansvarlege blir stilte for retten.

Libyske styresmakter har fått støtte frå EU i form av pengar og opplæring for å stoppe migrantar og flyktningar på veg til Europa før dei kjem i internasjonalt farvatn. Avtalen har vorte kraftig kritisert, og private redningsskip i Middelhavet nektar å overlate menneske dei har redda, til den libyske kystvakta, slik dei ofte får beskjed om.

Drapet på den sudanske mannen er ifølgje IOM ei kraftig påminning om kva for grufulle forhold som gjeld for migrantar som blir plukka opp av Libyas kystvakt etter å ha betalt menneskesmuglarar for å frakte dei til Europa.

(©NPK)

Seksåringen Quadri frå Nigeria er blant dei som er plukka opp av Ocean Viking dei siste dagane. Men langt fleire er stoppa av Libyas kystvakt og frakta tilbake til interneringsleirar. Foto: Renata Brito / AP / NTB scanpix