Annonse

Sukkeravgifta blir granska - NHO bekymra for tidspress

Avgifta på sjokolade, sukker og alkoholfrie drikkevarer skal utgreiast. Utvalet har frist til 1. april neste år. Det er urovekkjande kort tid, meiner NHO-topp.

Annonse

Direktør Petter Haas Brubakk i NHO Mat og Drikke helsar likevel det regjeringsoppnemnde utvalet velkommen.

Sukkeravgifta vart innført i 2018 som ein del av budsjettforliket mellom Høgre, Frp, Venstre og KrF. På kort varsel auka avgiftene med 40 prosent for alkoholfrie varer og 80 prosent for sjokolade- og sukkervarer.

Avgifta har vorte kritisert av næringa for å slå skeivt ut og bidra til auka grensehandel. Samtidig er det reist spørsmål om avgifta fører til nokon helsemessig gevinst i form av mindre sukkerinntak.

- Utvalsarbeidet vil gi oss ei moglegheit til å vurdere avgiftene på ein analytisk og kunnskapsbasert måte. Det er heilt nødvendig etter at Frp, Høgre, KrF og Venstre i 12. time og berre med fem vekers varsel heva avgiftene, seier Brubakk.

Utvalet skal leiast av advokat Cecilie Aasprong Dyrnes i Ernst & Young. Frå NHO får Brubakk med seg advokat Ellen Mulstad. Påtroppande leiar Anne Berit Aker Hansen i Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) sit òg i utvalet, som dessutan består av ekspertar innan juss, økonomi og folkehelse.

- Hovudoppgåva til utvalet er å vurdere om avgiftene i større grad enn i dag kan bli forma ut slik at dei tek omsyn til helse- og ernæringsmessige føremål, seier finansminister Siv Jensen (Frp).

Då forslaget til statsbudsjett vart lagt fram tidlegare i haust, gjekk regjeringa inn for å reversere avgiftsauken på sjokolade og sukkervarer, samtidig som ein varsla ein gjennomgang av avgiftene.

Utvalet skal også vurdere kva for varer som skal bli omfatta av avgifta.

(©NPK)

Avgifta på sjokolade, sukkervarer og alkoholfri drikke skal greiast ut og resultatet leggjast fram seinast 1. april. Foto: Mariam Butt / NTB scanpix