Annonse

Sumaya Jirde Ali har fått ytringsfridomsprisen til Forfattarforeininga

Den norske Forfatterforenings ytringsfrihetspris for 2018 er tildelt den norsksomaliske forfattaren og journalisten Sumaya Jirde Ali (22).

Den norske Forfatterforenings ytringsfrihetspris for 2018 er tildelt den norsksomaliske forfattaren og journalisten Sumaya Jirde Ali (22).

- På svært kort tid har ho etablert seg som ein av dei viktigaste stemmene i sin generasjon. Ho tenker og skriv svært nyansert og går inn i saker med ei opa og imøtekommande haldning, heiter det frå juryen, som delte ut prisen på årsmøtet til Forfatterforeininga søndag.

Jirde Ali er fødd i Somalia i 1997 og kom til Bodø i 2005. Ho har gitt ut to skjønnlitterære bøker: «Kvinner som hater menn» (2017) og «Melanin hvitere enn blekemiddel» (2018). I tillegg er ho spaltist i Morgenbladet og Klassekampen.

- Sumaya Jirde Ali har dei siste to åra mottatt så mange alvorlege truslar, særleg via nettet, at ho i dag går med valdsalarm.Det å stå i slike stormar er ei kraftig belasting, spesielt dersom du er ung og fersk på ytringsfridom-arenaen. Når nokon likevel vel å stille seg til hogg på denne måten, er det både beundringsverdig og veldig viktig, skriv juryen.

Den norske Forfatterforeningss ytringsfrihetspris blir delt ut til ein norsk eller utanlandsk forfattar som har utmerkt seg i arbeidet for ytringsfridom og toleranse i vidaste forstand.

(©NPK)

Sumaya Jirde Ali er spaltist i Morgenbladet og Klassekampen. I tillegg har ho gitt ut to bøker - «Melanin hvitere enn blekemiddel» og «Kvinner som hater menn». No er ho heidra med ytringsfridomsprisen for 2018.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix