Super-G: Svindal suste til siger i Val Gardena

Noreg sikra tre av dei fire øvste plassane i super-G-rennet i Val Gardena. Aksel Lund Svindal vann, mens Kjetil Jansrud vart nummer tre.

Sigeren var Svindals 36. i verdscupkarrieren, den 17. i super-G.

Fredag jakta han tida til Christof Innerhofer då han suste nedover bakken i Val Gardena med startnummer 13.

Italienaren leidde med tida 1.28,7 då Svindal sette utfor. 35-åringen matcha mellomtidene til italienaren, og i 115 km/t suste han ned mot mål 0,05 sekund føre Innerhofer og inn til leiing.

Svindals tid var det ingen som kunne matche og dermed køyrde han inn til den første verdscupsigeren til sesongen, og sin femte super-G-seier i den norditalienske bakken.

- Eg køyrde vilt nok til at det vart raskt, men gjer ikkje så store feil at eg køyrer ut, sa Svindal til NRK.

Kameratar på pallen

Dei norske køyrarane leverte solid laginnsats fredag.

Kjetil Jansrud kom i mål 0,27 sekund bak Svindal og tok 3.-plassen.

- Eg synest eg køyrde heilt OK. Det var nok parti eg trefte perfekt, men òg nokon svingar der eg køyrde litt «safe», sa Jansrud til NRK etter løpet.

Aleksander Aamodt Kilde tapte tid fram til dei to første mellomtidene, men køyrde eit godt renn. I mål kom Kilde 0,66 bak Svindal, noko som heldt til 4.-plass.

Adrian Smiseth Sejersted starta lynraskt og låg tett bak tida til Svindal etter første mellomtid. I midtpartiet heldt fram ungguten i same tempo, men mot slutten av løypa gjekk tidelane fort, og Sejersted køyrde inn til ein 7.-plass med 30 køyrarar i mål.

(©NPK)

Aksel Lund Svindal køyrde inn til seier i super-G-rennet i Val Gardena fredag. Foto: AP Photo / Marco Trovati / NTB scanpix.