Annonse

Supertrenaren om kreftbeskjeden: - Det var eit sjokk

Medan hestane i stallen har hatt det beste året sitt nokosinne, har travtrenar Geir Vegard Gundersen kjempa ein heilt annan og meir alvorleg kamp - mot kreften.

Annonse

Beskjeden om den alvorlege sjukdommen fekk Gundersen i april. Etter fleire rundar med cellegift og dessutan strålebehandling vart han operert for ei veke sidan, skriv Equus.

- Det er klart det var ein sjokkbeskjed og eit kjempetøff smell å få. Men då eg fekk summa meg eit par dagar, bestemte eg meg for at eg skulle gjere alt eg kunne når eg var på jobb og fokusere på behandlinga når eg var på sjukehuset.

Travtrenaren er glad han hadde flinke folk rundt seg og eigarar som har støtta han.

- I periodar har eg ikkje køyrt løp, men eg fekk jo med meg både Jarlsberg Grand Prix og Derby, seier Gundersen, som vann begge dei to største 4-årslaupa med stallhesten Max Brady.

Uante krefter

- Eg har vore heldig som har respondert så bra på behandlinga. Det er mange som får det tøffare enn meg. Men samtidig har eg funne fram krefter eg ikkje visste at eg hadde, seier Gundersen til Equus.

- Hestane har hjelpt meg og gitt meg motivasjon. Heldigvis har vi hatt den beste sesongen vår nokosinne, seier trenaren som har sett hestane springe inn 10 millionar kroner.

Stall Gundersen pustar med det Frode Hamres stall i Larvik i ryggen.

- Det er ein konkurranse vi ikkje tenker på i det heile. Sesongen er i praksis over for oss. Vi gjer vårt ytste for å gjere det som bra som mogleg i laupa som står att, men fokuset er allereie på neste sesong og storlaupa på sommaren og hausten.

Langli-stjerne

Laurdag sender Gundersen ut fem hestar under V75-laupa på Bjerke, den beste sjansen er eigd av tv-profilen Morten Langli.

- Iggy B.R. er ein 3-åring med skyhøg kapasitet. Han er ikkje i toppform, men berre vand til våren. Då kjem Iggy B.R. til å vise kva som bur i han, seier supertrenaren.

(©NPK)

Geir Vegard Gundersen etter siger med Support Justice på Solvalla i 2014.
Foto: Gerard Forni / NTB scanpix

Geir Vegard Gundersen (til høgre) har kjempa ein hard kamp mot kreften. Laurdag sender han ut fem hestar under V75-laupa på Bjerke. Foto: Anders Kongsrud / hesteguiden.com / NTB scanpix