Annonse

SV: - Cruisenæringa bør bidra økonomisk til redningsaksjonar

Cruisenæringa må vere med å betale for store redningsaksjonar, meiner SV. Rekninga for aksjonen i Hustadvika kan komme på fleire tital millionar kroner.

Annonse

- Ei såpass lukrativ vekstnæring som cruisenæringa må bidra til å bere det økonomiske ansvaret, seier SVs mann i transportkomiteen på Stortinget, Arne Nævra, til NTB.

Han peikar på den sterke auken i cruisetrafikken dei siste åra.

- Dette har segla igjennom utan debatt. Ikkje berre har talet på passasjerar auka, men storleikane på båtane aukar òg veldig, peiker han på.

I ei tid med meir ekstremvêr aukar dette også risikoen, meiner han.

- Må vurderast

SV vil no be regjeringa setje ned eit utval som kan vurdere alle forhold rundt cruisetrafikken i norske farvatn, med særleg tanke på beredskapssituasjonen.

- Vi må sjå på storleiken på skipa, seglingsområde, drivstofftype og tiltak for skattlegging og fondsinnbetaling med tanke på redningsaksjonar. Korleis skal den lukrative cruisenæringa stillast til økonomisk ansvar ved ein redningsaksjon? spør Nævra.

- Vi snakkar her om selskap som bidrar veldig lite til fellesskapet, legg han til.

Nævra meiner det handlar om å likestille omsyna til miljø og sikkerheit.

- Vi har jo som prinsipp at forureinar betaler, men kven skal betale for sikkerheita til folk? spør han.

Kostnad ukjent

Førebels finst det få anslag over kva den dramatiske redningsaksjonen for cruiseskipet Viking Sky kan komme til å koste.

Men med seks redningshelikopter, ei rekke slepebåtar og innsatsen til kystvakt, heimevern, politi og helsevesen kan rekninga raskt komme opp i fleire tital millionar kroner, opplyser Hovudredningssentral Sør-Noreg til NTB.

I tillegg stilte 240 frivillige opp i helga for å hjelpe dei evakuerte, opplyser Røde Kors til NTB.

Milliardæren Torstein Hagen, som eig selskapet Viking Ocean Cruises, flaug søndag frå Basel i Sveits, der han er busett, til Molde for å takke redningsmannskapa for innsatsen.

- Det gjer meg litt stolt av å vere norsk òg. At når det gale skal vere, så blir det stabla på beina eit team som gjer ein ypparleg jobb under så vanskelege forhold, sa Hagen på ein pressekonferanse søndag.

Noregs nest rikaste

Hagen har dei siste åra tent store pengar på cruisetrafikk. Ifølgje bladet Kapital er han no Noregs nest rikaste mann med ein nettoformue på 52 milliardar kroner. Dei siste fem åra har reiarlaget hans, Viking Ocean Cruises, hatt ein formidabel vekst med ein auke i snitt på 27 prosent i året.

I 2017 oppgav Hagen ei inntekt på 398.562 kroner og betalte 59.784 kroner i skatt til Noreg, ifølgje skattelistene.

Viking Ocean Cruises er registrert i Sveits.

- Men skipa våre er flagga inn i Norsk internasjonalt skipsregister (NIS), med dei forpliktingane dette inneber, opplyser Hagens rådgivar Jon Mørland til NTB. Han ønsker likevel ikkje å svare på spørsmål om selskapet betaler skatt til Noreg og i tilfelle kor mykje.

- Hagen avstår frå å kommentere desse tinga no, seier Mørland.

Ifølgje NIS er det betalt nesten 350.000 kroner i gebyr og avgifter for Viking Sky sidan skipet vart registrert i 2016.

(©NPK)