Annonse

SV vil reise eit minnesmerke for samane som sveltestreika framfor Stortinget i 1979

To SV-representantar foreslår eit nasjonalt minnesmerke framfor Stortinget til minne om sveltestreiken mot utbygging av Alta-vassdraget på Eidsvolls plass i 1979.

Annonse

Til hausten er det 40 år sidan sju samar slo opp lavvo og starta sveltestreik på Eidsvolls plass i Oslo. Sveltestreiken kom samtidig med heftige demonstrasjonar i Alta mot at Alta-Kautokeinovassdraget skulle regulerast.

Stortingsrepresentantane Kari Elisabeth Kaski og Lars Haltbrekken frå SV meiner denne samiske motstandskampen ikkje må bli gløymt, og dei foreslår at det blir reist eit minnesmerke på Eidsvolls plass, skriv Klassekampen.

- Dette må bli eit nasjonalt minnesmerke sidan sveltestreiken førte til fleire store sigrar av nasjonal tyding, seier Kaski til avisa.

Haltbrekken meiner det er viktig at kommande generasjonar ikkje gløymer Altasaken og alt det den førte med seg. SV fremmar forslaget sitt om minnesmerke for Stortingets presidentskap og vil at ein samisk kunstnar skal få oppdraget.

Lavvoen framfor Stortinget fekk stor symbolsk kraft. 8. oktober 1979 kom ei gruppe samar til nasjonalforsamlinga og overleverte eit brev til statsminister Odvar Nordli (Ap), der dei kravde stans i anleggsarbeidet på Alta-utbygginga.

Det som starta som ein miljøaksjon enda opp med siger for samiske rettar. Like før sveltestreiken vart avslutta, lova statsminister Odvar Nordli at samiske rettar skulle greiast ut. Eit samerettsutval med ei rekke ulike fagfolk vart etablerte og arbeidet førte til slutt til at Sametinget vart opna i 1989.

(©NPK)

Demonstrasjonen mot utbygging av Alta-Kautokeino-vassdraget framfor Stortinget hausten 1979 bidrog til at Sametinget blei etablert ti år seinare. Foto: Erik Thorberg / NTB scanpix