Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Regjeringa kan allereie fredag bli tvinga til å stoppa asylreturar over Storskog, dersom eit initiativ frå SV-leiar Audun Lysbakken fører fram.
npk@npk.no
Publisert: 21.01.2016 kl 20:18
I eit brev til dei parlamentariske leiarane i dei fem andre opposisjonspartia på Stortinget, går Lysbakken inn for å be regjeringa endra den omstridde praksisen.
– Det kjem no signal frå fleire parti om at dei vil stoppa politikken som blei vedteken i eit hastevedtak i november, seier SV-leiaren til NTB.
Stortinget er ikkje samla att før 2. februar, men det er for lenge å venta, meiner Lysbakken. Difor vil han allereie fredag be Ap, Sp, KrF, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne skriva under på ei oppmoding om at regjeringa stoppar uttransporteringa av asylsøkjarar utan varig opphald i Russland. Oppmodinga tek til orde for at denne gruppa får realitetsbehandla asylsøknadene i Noreg.
– Dersom fleirtalet på Stortinget ber ei mindretalsregjering om dette, bør det vera grunn til å tru at dei følgjer opp dette, sjølv om det ikkje kjem i form av eit formelt vedtak. Så då står det att å sjå om partia som no seier dei er overraska over konsekvensane av vedtaket dei var med på, vil snu, seier Lysbakken.
SV var ikkje sjølv med på hastevedtaket om endringar i utlendingslova som gjorde instruksen mogleg – og som no blir kraftig kritisert frå fleire hald. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.