Svak nedgang på Oslo Børs

Oslo Børs stengjer tysdag med ein svak nedgang. Hovudindeksen avslutta dagen ned 0,3 prosent til 1,133.37 poeng.

Det John Fredriksen-eide riggselskapet Seadrill held fram nedgangen frå måndag. Då børsen stengde tysdag ettermiddag, var selskapet ned 22 prosent. Det same gjeld Equinor og Aker BP, som høvesvis er ned 0,92 prosent og 3,23 prosent.

Norsk Hydro avslutta tysdagen med ein svak oppgang på 0,98 prosent. Det same gjeld Telenor som er opp 0,92 prosent.

Blant dei viktigaste børsane i Europa var det ein svak dag. DAX 30-indeksen i Frankfurt var ned 0,61 prosent, medan CAC 40 i Paris fall 0,64 prosent. FTSE 100 var ned 0,37 prosent.

Oljeprisen fell og var tysdag ettermiddag ned 0,35 prosent. Eit fat nordsjøolje vart omsett for 74,52 dollar.

(©NPK)

Riggselskapet Seadrill avslutta dagen med ein nedgang på 22 prosent. Foto: Erik Johansen / NTB / NPK