Møre

Svakaste VM-start sidan opprykket, Noreg tapte 1-4 mot Sveits

Noreg går frå draum om kvartfinale til kamp om å unngå nedrykk etter 1-4-nederlaget mot Sveits i ishockey-VM i Slovakia.

Før kampen var det klart at siger mot sveitsarane måtte til for å halde liv i kvartfinalehåpet. I staden gjekk dei norske ishockeyherrane - sjølv om dei spelte betre - på det fjerde strake VM-tapet sitt.

Statistikken er den verste sidan Noreg rykte opp til elite-VM i 2005. Det har ikkje skjedd ein einaste gong at Noreg har stått utan poeng etter fire kampar.

Så skal det seiast at laga dei har møtt har vore tøffe: 2-5 mot OL-meistrane frå Russland, 2-7 mot ishockeynasjonen Tsjekkia, 1-9 mot tittelforsvarar Sverige og deretter 1-4 mot den tapande VM-finalisten i fjor.

Seinare i VM har Noreg igjen kampar mot «enklare» motstandarar i form av Austerrike, Italia og Latvia.

Ineffektivt

Kampen på onsdag i Bratislava var langt meir jamspelt enn tidlegare i VM, men det var dei raudkledde sveitsarane som skapte dei farlegaste sjansane.

Etter 5.30 sat den første pucken i målet bak Noreg-keeper Henrik Holm, som fekk den første VM-kampen sin frå start. Han kunne ikkje gjere så mykje med Andres Ambühls frekke avslutning, som kom etter at sveitsarane vende spelet raskt og Christoph Bertschy spelte Ambühl åleine igjennom.

Holm skal elles ha ros for fleire gode redningar i første periode, der han hindra 14 av 15 skot. Noreg slapp til skumle moglegheiter, men såg også farlegare ut sjølv enn tidlegare i VM. Mellom anna hadde Alexander Reichenberg ein god sjanse etter åtte minutt, men Noreg scora ikkje på sine 14 avslutningar mot mål.

Tendensen var uansett at Noreg var mykje nærare motstandaren nivåmessig enn i dei to siste kampane. Hovudproblemet var at det ikkje losna framfor det sveitsiske målet.

Ny kalddusj

Sveitsarane gjekk offensivt til verks i midtperioden og fekk tidleg betalt for det. Stortalentet og New Jersey Devils-proffen Nico Hischier (20) rundlurte Holm ved å vende om og komme inn framfor målet frå motsett side av der målvakta venta. Det stod 20.34 på kampuret då Hischier krangla pucken inn til 2-0 mellom stolpen og Holms bein.

Stavanger-keeperen fekk henta seg fint inn igjen seinare i perioden og hindra nokre farlege skot. Noreg skapte ikkje veldig mykje, men ein kan trekke fram godt spel i undertal, samtidig som spelarane kom til sjansar dei to gongene sveitsarane hadde éin mann mindre på isen.

Den berømte «spikaren i kista» for Noreg sin del kom først etter spelet til ni minutt i tredje periode. Då rota veteranen Mathis Olimb bort pucken med ei svak tversoverpasning, og sveitsarane kunne kontre. Lino Martschini spelte til Grégory Hofmann, som sette inn 3-0 i duell med Olimb.

Fire minutt før slutt vart det 4-0 då Joël Genazzi skaut frå kanten via kølla til Ambühl. Noreg fekk trøystemålet sitt ved Tobias Lindström, som vart fint frispelt av Alexander Reichenberg.

Bør overleve

Før årets meisterskap stod innleiinga av 2007-VM som den svakaste av Noreg i nyare tid. Då tapte nordmennene dei tre kampane i innleiande gruppespel, før dei vann i forlenginga mot Austerrike i nedrykksspelet.

Noreg bør ha ein svært god sjanse for å overleve på elitenivå også i år. Austerrike og særleg Italia er motstandarar Noreg bør slå. Før den siste kampen mot Latvia har nordmennene fordelen av to dagars kvile i forkant.

Sveits er på si side på god veg mot ein ny VM-kvartfinale. Dei har vunne fire strake kampar, men har igjen tøffe motstandarar i Sverige, Russland og Tsjekkia.

(©NPK)

Petter Thoresens «iskrigarar» har tapt fire strake VM-kampar. Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Andres Ambühl scora to mål for Sveits i 4-1-sigeren over Noreg i ishockey-VM. Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Keeper Henrik Holm fekk eit ublidt møte med sveitsaren Grégory Hofmann i VM-kampen onsdag. Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...