Svensk festival med «mannsforbod» felt for diskriminering

Ein festival i Sverige der menn var erklært uønskte, har vorte felt for brot på forbodet mot diskriminering.

Statement Festivals skildring av seg sjølv på nettsidene sine var eit brot, heiter det i ei fråsegn frå den svenske Diskrimineringsombodsmannen måndag.

Ombodsmannen viser til gjeldande praksis i EU-domstolen. Avgjerda skal vere rettleiande, og arrangørane av festivalen blir ikkje pålagt sanksjonar.

Musikkfestivalen vart arrangert i Göteborg i august etter initiativ frå komikaren Emma Knyckare. Etter mange tilfelle av seksuelle overgrep på festivalar året før, ville ho lage eit arrangement berre for kvinner og tranpersonar.

- Den første store musikkfestivalen i verda heilt utan cis-menn, står det framleis med store bokstavar på nettsida til festivalen.

«Cis-menn» er ei nemning på menn som ikkje er tranpersonar. Under festivalen var det berre kvinner og tranpersonar både blant publikum og på scena.

Mannlege managerar, teknikarar og andre menn som jobba for dei kvinnelege artistane, vart plasserte i eit område som av Knyckare vart kalla «mannehagen».

(©NPK)

Komikar Emma Knyckare under Statement Festival i Göteborg, der menn var erklært uønskte. Foto: Frida Winter / TT / NTB scanpix

Kvinnelege festivaldeltakarar på Statement Festival på Bananpiren i Göteborg i august. Foto: Frida Winter/TT / NTB scanpix

Ingen «cis-menn» fekk høyre på musikk og ta ein pils på Statment Festival i Göteborg i august. Illustrasjonsfoto: Audun Braastad / NTB scanpix