Tilrådinga frå RF kjem etter at fleire særforbund har bede om råd for korleis dei skal ta omsyn til spørsmålet i lys av krigen i Ukraina.
– Vi vil ikkje ha noko som helst å gjere med Russland og Kviterussland så lenge desse vanvitige tinga går føre seg, seier den svenske idrettspresidenten Björn Eriksson.
RF opplyser at ein har vurdert barneretten i saka, men konkluderte likevel med at det er rett å tilrå startnekt for russarar og kviterussarar.
– Eg trur ikkje at det ville vore rett signal å seie ja. Det er ein viss risiko for at desse barna blir brukte i eit maktspel og blir utnytta politisk, meiner Eriksson.
Norges idrettsforbund gjekk opphavleg inn for å stengje ute barn og unge frå Russland og Kviterussland i turneringar på norsk jord, men snudde etter kort tid.
(©NPK)
Sveriges idrettsforbund ber medlemmene sine om ikkje å la russiske og kviterussiske barn delta i turneringar på svensk jord. Det er motsett av konklusjonen til norsk idrett. Her er Ekebergsletta frå Norway Cup i 2018. Foto: Ørn E. Borgen / NTB