Svensk mediekonsern i fare for økonomisk kollaps

(NPK-NTB-TT): Det svenske mediekonsernet Stampen har store økonomiske problem og har gått til retten for å få reforhandla gjelda. Konsernet eig mellom anna Göteborgs-Posten.

Tingretten har innvilga såkalla foretaksrekunstruksjon, etter at store avisoppkjøp med lånte pengar har ført selskapet med 3.000 tilsette inn i ein vanskeleg situasjon.

– I dag er ein tung dag for oss og for meg personleg, sa styreleiar Peter Hjörne på ein pressekonferanse måndag. (©NPK)