Annonse

Svensk politi bekymra over kriminelle barn

Politiet i Sverige er sterkt bekymra over den aukande valdskriminaliteten blant barn heilt ned i 11-12-årsalderen.

Politiregionen Midt-Sverige, som inkluderer dei tre svenske fylka Gävleborg, Västmanland og Uppsala, har hittil i år hatt 44 skyteepisodar. Tre av dei har hatt dødeleg utgang, og 18 personar er såra.

- Skyteepisodane byrja i storbyane, men har no spreidd seg til heile landet, seier politisjefen i regionen, Carin Götblad.

Regionen har òg opplevd ei rekke tilfelle der det har vore brukt sprengladningar og ein generell auke i talet på grove lovbrot det siste året.

Etter drapet på ein 15-åring på ein pizzarestaurant i Malmö laurdag, har svensk politi bestemt seg for å sjå hendingane i samanheng og dessutan trappe opp og koordinere innsatsen sin.

Unge gjerningspersonar

Talet på melde valdslovbrot der den mistenkte gjerningspersonen er under 15 år gammal, har den siste tida auka kraftig i Sverige.

- Eg har aldri sett ein slik kraftig oppgang blant unge, seier Götblad.

- Det kan dreie seg om 11-12-åringar, noko som er djupt urovekkjande, seier ho.

No vil politiet i aukande grad involvere skular, foreldre og sosialtenesta for å fange opp barn som kan vere i risikosona.

- Dersom vi ikkje gjer noko, vil det komme stadig fleire til, seier Götblad.

Aukar samarbeidet

Politiet vil òg auke samarbeidet med det svenske tryggingspolitiet (Säpo) og det svenske forsvaret, mellom anna for å auke sin eigen kunnskap om sprengladningar, opplyser ho.

Malmö er ein av dei mest valdsherja byane i Sverige og har hatt ikkje mindre enn 38 skyteepisodar med dødeleg utfall dei siste åtte åra. Alle har dei hatt utspring i gjengmiljøa i byen, og berre seks av dei er oppklarte, skriv Aftonbladet.

- Det er forkasteleg, og vi må bli betre. Vi må få slutt på skyting og eksplosjonar. Og vi må lykkast betre med å oppklare sakene, slik at folk får kjensla av at vi lykkast og bryr oss, seier politietterforskar og ekspert på grov organisert kriminalitet Gunnar Appelgren til avisa.

(©NPK)

Kriminaliteten, også den grove valdskriminaliteten og bruk av skytevåpen, aukar kraftig blant barn og unge i Sverige, og politiet trappar no opp innsatsen. I Malmö vart ein 15-åring skoten og drepen og ein annan livstruande såra i ein skyteepisode laurdag. Foto: Johan Nilsson / TT / NTB scanpix