Annonse

Svensk politi opna drapsetterforsking – skjelettet var frå mellomalderen

Svensk politi opna drapsetterforsking då det vart funne eit skjelett under gravearbeid på ein gard torsdag. Det viste seg å vere frå mellomalderen.

Dermed avslutta politiet saka. No er det opp til historikarane å sjå vidare på skjelettet.

Det vart funne under gravearbeid på ein gard i Skabersjö utanfor Malmö torsdag. Politiet tilkalla ein ekspert som raskt kunne konstatere at funnet stamma frå ei mellomaldergrav.

Eksperten kunne fortelje politiet at det låg ein kjend gravplass frå mellomalderen i området like ved der skjelettet vart funne.

(©NPK)